Om Gjerdelva

NVE gjev Gjerdelva fallrettslag (SUS) løyve til å byggje Gjerdelva kraftverk i Lyngen kommune i Troms. Kraftverket vil produsere omlag 16,5 GWh årleg. Dette svarer til straumbruken til 800 husstandar.

I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Gjerdelva kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og at brukarinteresser blir ivaretekne.

Kraftverket er planlagt i Gjerdelva, med hovudinntak omlag ved kote 587 og kraftstasjon ved kote 35. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere ein kombinasjon av tunnel og nedgraven røyrgate. Inntaket er planlagt veglaust. NVE legg vekt på at alle tekniske installasjonar best mulig tilpassast landskapet.

Det er i liten grad registrert raudlista arter og naturtypar i området, og NVE har vurdert tiltaket til å medføre små negative ulemper for naturmiljøet. NVE har fastsett ei minstevassføring på 130 l/s i sommarsesongen og 30 l/s resten av året. NVE meiner at minstevassføringa i stor grad vil ta vare på naturmiljøet. Minstevassføringa vil og dempe ulempene for vassforsyninga, landskap og friluftsliv.

NVE føreset vidare at reinbeitedistriktet blir tatt med på råd i forkant og under en eventuell utbygging, slik at anleggsarbeidet kan tilpassast reindriftens arealbruk.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Gjerdelva kraftverk på nærare fastsette vilkår.

OVF har fallrettigheter i Gjerdelva.

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 17. desember 2014

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 552
Lengde rørgate(m) 1350
Effekt (MW) 6,5
Produksjon (GWh/år) 17,5
Minstevannsføring sommer (l/s) 130
Minstevannsføring vinter (l/s) 30