Om Håkavika

NVE gjev Fjellkraft AS løyve til å bygge Håkavika kraftverk i Håkavikelva i Salangen kommune i Troms. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på omlag 4,5 GWh. Dette svarar omlag til forbruket til 200 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Håkavika kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi.

Tiltaket vert planlagt i Håkavikelva, som inngår i Verneplan II for vassdrag. Urørd natur og landskapskvalitetane er vesentlege del av vernegrunnlaget. NVE meiner tiltaket slik det går fram av søknaden etter alternativ 1, i for stor grad vil gå ut over desse verneverdiane. Med bakgrunn i dette vel NVE å avslå søknaden etter alternativ 1.

Etter NVE si vurdering vil alternativ 2, med planlagd inntak om lag ved kote 220 og kraftstasjon ved kote 25, og under føresetnad om tilstrekkeleg minstevassføring og redusert slukeevne, ikkje påverke dei sentrale vernekriteriene for vassdraget negativt. Det alternativet vil såleis ikkje være i konflikt med vassressurslova. Vassvegen frå inntaket til kraftstasjonen skal vere nedgraven heile vegen.

NVE har fastsett ei minstevassføring på 200 l/s i sommarsesongen og 50 l/s resten av året for å redusere negative verkingar for naturmiljøet, og for å ta vare på opplevinga av landskapet. For å ta vare på vassdragets naturlege vassføringsdynamikk, har NVE vurdert det som naudsynt å redusere den maksimale slukeevna til 50 prosent av middelvassføringa..

NVE vurderer at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Håkavika kraftverk på fastsette vilkår.

Håkavika eies av Clemens Kraftverk AS og har fakturaadresse Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 27. juni 2014

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 415
Lengde rørgate(m) 1530
Effekt (MW) 0,9
Produksjon (GWh/år) 5,8
Minstevannsføring sommer (l/s) 200
Minstevannsføring vinter (l/s) 50