Om Jamtjordbekken

NVE har handsama åtte søknadar om bygging av småkraftverk i Hemnes kommune i Nordland. NVE gjev løyve til fire av kraftverka og avslag til fire.

NVE har gjeve løyve til å bygge Jamtjordbekken, Melandbekken, Valåga og Vollbekken kraftverk i Hemnes kommune. Samstundes har NVE avslått søknadene om bygging av Bjurbekken, Brattåga, Lenningelva og Mørkbekken kraftverk.

NVE har handsama dei åtte søknadane saman for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd. Verdfult naturmangfold, reindrift, landskap, friluftsliv og samla belastning i området har vore sentrale tema i NVE si vurdering. Det er lagt vekt på å få fram prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

Dei fire kraftverka som får konsesjon vil til saman få ein årleg produksjon på i gjennomsnitt 19 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 950 husstandar. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konfliktane med allmenne interesser.

Jamtjordbekken eies av Clemens Kraftverk AS og fakturaadressen er Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 26. juni 2014

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 464
Lengde rørgate(m) 1800
Effekt (MW) 1,2
Produksjon (GWh/år) 3,9
Minstevannsføring sommer (l/s) 20
Minstevannsføring vinter (l/s) 10