Om Kjeledalselva

NVE gjev Fjellkraft Kjeledalselva AS løyve til å bygge Kjeldalselva kraftverk i Storfjord kommune, Troms. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 12,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 625 husstandar.

Fjellkraft AS har søkt om løyve til å bygge Kjeldalselva kraftverk i Storfjord kommune. Etter dei omarbeida planane får kraftverket ei installert effekt på 4,7 MW, og vil med dei fastsette vilkåra gje ein årleg produksjon på omlag 12,5 GWh.
Området for kraftverksutbygginga ligg nær Lyngsalpan landskapsvernområde og i eit område med reindrift. Inntaket skal byggast veglaust rett ovanfor bekkekløfta ca. 300 frå grensa til landskapsvernområdet. Vassvegen vert dels lagt i tunnel, dels nedgrave på nordsida av elva. Kraftstasjonen skal plasserast slik at elva har naturleg vassføring sett frå riksvegen. Det er ikkje påvist raudlista arter knytt til Kjeldalselva, men i bekkekløfta er det registrert høgstaudebjørkeskog som er klassifisert som ein omsynskrevjande vegetasjonstype.
NVE meiner at tilstrekkeleg vassføring heile året og krav til utforminga av anlegget, av omsyn til landskapet og reindrifta, er avbøtande tiltak som gjer utbygginga tilrådeleg.
NVE meiner fordelane i høve til dei allmenne interessene er større enn skadane og ulempene ved å bygge kraftverket og gir difor løyve til Kjeldalselva kraftverk på fastsette vilkår.

Eiere

Kjeledalselva i Storfjord eies av Kjeledalselva Kraft AS og har fakturaadresse Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO.

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 21. desember 2009

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 272
Lengde rørgate(m) 1550
Effekt (MW) 4,7
Produksjon (GWh/år) 12,5
Minstevannsføring sommer (l/s) 200
Minstevannsføring vinter (l/s) 45