Om Kjelvika

NVE har handsama sju søknader om bygging av kraftverk innerst i Tosenfjorden i Brønnøy kommune, Nordland. Vi gjer løyve til å bygge fleire av desse kraftverka som samla vil gje ein årleg fornybar produksjon på drygt 100 GWh. Dette tilsvarar straumbruken til omlag 5000 husstandar.

HelgelandsKraft AS får løyve til å bygge Bjørnstokk, Tverråa, Storelva, medan Fjellkraft AS får løyve til bygging av Kjelvika kraftverk. NVE rår samstundes Olje- og energidepartementet (OED) til å gje HelgelandsKraft AS løyve til regulering av Leiråvatnet og bygging av Leiråa kraftverk. Kraftverka vil få ein total installasjon på rundt 32 MW og gje ein årleg fornybar produksjon på drygt 100 GWh. NVE avslår samstundes søknad frå HelgelandsKraft AS om løyve til bygging av Lille Tosdalen kraftverk, og vi rår OED til å ikkje å gje løyve til Tosdalen kraftverk.

Dei sju kraftverka ligg innafor ein radius på 4 km, og slutthandsaminga har vore samanfallande i tid. NVE har difor valt å sjå desse i samanheng. Det er OED som skal fatte den endelege avgjerda for søknadene som gjeld Leiråa og Tosdalen kraftverk.

Ei realisering av alle prosjekta vil føre til at ni lengre elvestrekningar nær Tosbotn får sterkt redusert vassføring. Fleire av vassdraga er nedskore i terrenget med tett vegetasjon langs elvebredda og såleis mindre viktige for landskapsopplevinga. Med visse krav om avbøtande tiltak for kraftverka Leiråa, Bjørnstokk, Tverråa, Storelva og Kjelvika meiner NVE at verknadene av desse er akseptable. NVE legg stor vekt på at kraftverka kan gje auka verdiskaping og positive ringverknader i lokalsamfunnet i tillegg til eit monaleg bidrag til ny fornybar energiproduksjon. Det vil også leggje til rette for ei utviding av Marine Harvest AS sitt settefiskanlegg på Borkamo.

Krav om minstevassføring
NVE meiner det må sleppast ei heilårleg minstevassføring på utbyggingsstrekningane. Pålagt minstevassføring vil redusere den årlege produksjonen med om lag 7,5 GWh, slik at gjennomsnittleg årsproduksjon vert rundt 102 GWh. Dette svarar til den årlege straumbruken til omkring 5100 husstandar. Alle kraftverka skal ha det meste av vassvegen i fjell. Dette vil redusere verknadene av dei tekniske inngrepa i stor grad.

Kjelvika eies av Clemens Kraft, og har fakturaadresse Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 21. januar 2010

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 272
Lengde rørgate(m) 1610
Effekt (MW) 4,7
Produksjon (GWh/år) 14,3
Minstevannsføring sommer (l/s) 240
Minstevannsføring vinter (l/s) 40