Om Nylandselva

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Nylandselva kraftverk i Leirfjord kommune i Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg fornybar kraftproduksjon på om lag 7,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 380 husstandar.

Nylandselva kraftverk vil nytte eit fall på 200 m i Nylandselva mellom kote 360 og kote 160. Vassvegn er planlagt som boret tunell 300 meter ned frå inntaket, og røyr i grøft dei resterende 890 meterne ned til kraftstasjonen.

Kraftverket vil utnytte et nedbørfelt på ca.7,5 km2. Middelvaføringa er berekna til 778 l/s, og maksimal slukeevne vert 1400 l/s som utgjer 180% av middelvassføringa. Alminnelig lågvassføring er 60 l/s og 5-persentilverdiene for sommar og vinter er høvesvis 145 og 44 l/s

NVE har fastsett ei sesongbasert minstevassføring på 145 l/s i tida 1/5-30/9 og 45 l/s resten av året for å ivareta noko av det biologiske mangfaldet i og langs elva og for å ivareta elva som landskapselement, særlig i øvre del over tregrensa. NVE meiner at med fastsett minstevassføring vil ulempene for ålmenta vere avgrensa, samstundes som kraftverket vil gje ei viss ny fornybar energiproduksjon.

Nylandselva eies av Clemens Kraft AS og har fakturaadresse Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 2. desember 2014

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 200
Lengde rørgate(m) 1290
Effekt (MW) 2,3
Produksjon (GWh/år) 8
Minstevannsføring sommer (l/s) 145
Minstevannsføring vinter (l/s) 45