Om Skrondal

NVE gjev løyve til Skrondal kraftverk i Øksendalen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil produsere omlag 6,6 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 330 husstandar.

NVE legg vekt på at Skrondal kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar, og meiner Skrondal kraftverk vil ha avgrensa konsekvensar for allmenne interesser. Den samla belastning på landskap og biologisk mangfald av kraftverksinngrep i Øksendalen har og samla sett avgrensa konsekvensar.

Fem søknader i Sunndal kommune blei sendt på høring samstundes for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadene. Det er NVE si vurdering at det kan gjerast vedtak om Skrondal kraftverk i Øksendalen uavhengig av dei andre sakene som er lokalisert til Sunndalen. Det er tidligare avslege to søknader i Sunndalen. For dei to siste søknadane vil det bli fatta vedtak på eit seinare tidspunkt.

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 11. desember 2014

KONTAKTPERSON
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 700
Lengde rørgate(m) 1400
Effekt (MW) 2,8
Produksjon (GWh/år) 7,3
Minstevannsføring sommer (l/s) 50
Minstevannsføring vinter (l/s) 10