Om prosjektet

26. juni 2012 gav NVE i eigne vedtak konsesjon til Sleveåne kraftverk i Odda kommune, samstundes med 5 kraftverk i Ullensvanger herad. NVE har avslått søknadane om bygging av 4 kraftverk. Dei seks kraftverka som har fått løyve vil, etter dei vilkåra som er sett, produsere om lag 56 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2800 husstandar.  Sleveåne vil få ein årleg produksjon på omlag 15,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 750 husstandar.

NVE har handsama 10 søknadane saman for å kunne foreta ei heilskapleg vurdering av konsekvensar som først trer fram når sakane blir sett i samanheng.

I Sørfjorden har omsynet til landskapet vist seg å vere avgjerande for kva saker som fikk løyve og avslag. NVE meiner at det ikkje kan gjevast konsesjon til alle dei 10 kraftverka, fordi dei negative konsekvensane for landskapet i Sørfjorden ville bli for store. Vassdraga er ein viktig del av fjordlandskapet og opplevinga av fossar og stryk i skjeringspunktet mellom fjell og fjord. I tillegg til redusert vassføring vil tekniske løysingar for røyrgate og bruk av vegar også kunne gje til dels store sår i landskapet.

Fylkesmannen har fremma motsegn mot seks av prosjekta. NVE har langt på veg vore einig i Fylkesmannens vurderingar, men har i to saker vurdert at kraftverket likevel bør få konsesjon. Dette gjeld kraftverka Slevåne i Odda kommune og Byro kraftverk i Ullensvang herad. NVE meiner at med krav til teknisk utføring av anlegget vil landskapsinteressene på ein god måte verte ivareteke for både kraftverka.

NVE har lagt vekt på å take vare på dei elvene som vi meiner gjer mest kvalitet og karakter til Sørfjorden, og samstundes få fram dei prosjekta som har minst konflikt med ålmenne interesser. Vi har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta, for å redusera konflikten med dei ålmenne interessene.

Eier

Sleveåne kraftverk eiges av Sleveåne Kraft AS

Sleveåne i Odda

Kompliserte forhold på Sleveåne!

Veiløst inntak og stasjon langt inn i fjellet gjør Sleveåne kraftverk litt mer komplisert å bygge enn andre prosjekter.

Sleveåne i Odda

Arbeid i tunnellen

Arbeid 650 meter inn i fjellet!

Sleveåne i Odda

Rørlegging på Sleveåne

Rørlegging av tunnel startet

FASE: UTBYGGING

Startet utbygging oktober 2014

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 742
Lengde rørgate(m) 1500
Effekt (MW) 5,0
Produksjon (GWh/år) 16,3
Minstevannsføring sommer (l/s) 50
Minstevannsføring vinter (l/s) 10