Om Tverråna

NVE gjev Ullestad Kraft AS løyve til å byggje Ullestad kraftverk og Tverråna kraftverk i Hjelmeland kommune i Rogaland. Kraftverka vil få ein samla årleg fornybar produksjon på omlag 31 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 1550 husstandar.

Ullestad kraftverk er planlagt med inntak i Ullestadåna, og vatnet skal førast i eit 1400 meter langt nedgrave røyr ned til kraftstasjonen. Tverråa kraftverk skal plasserast i det same bygget. Dette kraftverket skal byggast med ei 1600 meter lang nedgraven røyrgate. Det vert behov for bygging av nokon få korte vegstubbar tilknytt kraftverka.

NVE meiner dei viktigaste problemstillingane i sakene er omsynet til landskapet, brukarinteresser og det biologiske mangfaldet. NVE meiner dei tekniske inngrepa kan tilpassast landskapet på ein god måte, slik at konksekvensane vert akseptable. Utbygginga vil ha negative konsekvensar for to regionalt viktige naturtypar; ei bekkekløft og ei fossesprøytsone. Redusert vassføring vil truleg føre til at vasskrevjande vegetasjon vert erstatta av meir tørketolerante artar. NVE legge vekt på at det er tilsvarande naturtypar av høgare verdi i Årdalsvassdraget, og at det heller ikkje er påvist særleg verdfulle artar som vert direkte råka av ei utbygging. Vi meiner likevel det er viktig at det er noko fukt igjen i vassdraget, og at dette kan sikrast med slepp av tilstrekkeleg minstevassføring. Dette vil også gagne brukarinteressene og fisken i vassdraget. For å redusere verknaden for den lakseførande strekninga er det sett krav om installasjon av omløpsventil.

NVE vurderer nytten av tiltaka som større enn ulempene for allmenne og private interesser. Vi gjev derfor løyve til bygging av Ullestad kraftverk og Tverråna kraftverk på nærmare fastsette vilkår.

Tverråna kraftverk  eies av Ullestad Kraft AS

ullestad og tverråna i hjelmeland

Offisiell åpning av Ullestad og Tverråna!

Ullestad kraftverk og Tverråna kraftverk offisielt erklært åpnet!

Ullestad og Tverråni i Hjelmeland

Klart for åpning av Ullestad og Tverråna!

Ullestad og Tverråna klare for offisiell åpning av kraftverkene!

Synne på besøk på Ullestad

Synne var på besøk på Ullestad med ekstremt mye vann!

FASE: DRIFT

Satt i drift juni 2016

PROSJEKTLEDELSE
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 335
Lengde rørgate(m) 1600
Effekt (MW) 3
Produksjon (GWh/år) 10
Minstevannsføring (l/s) 40