Om Vaksvik

NVE har handsama ni kraftverkssøknadar i Ørskog og Sykkylven kommunar i Møre og Romsdal. NVE gjev løyve til Vestre, Vaksvik, Kverve og Aurdal kraftverk, medan Øvre og Nedre Huna, Gimsdalselva, Ørskogelva, og Grytavatnet kraftverk får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve vil produsere om lag 33,8 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1690 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 55,8 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap, friluftsliv, høve til anadrom fisk, biologisk mangfald og kulturmiljø har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

17. februar 2016 godkjente NVE å slå sammen Vaksvik og Kverve til ett kraftverk.

Vaksvik i Ørskog

God framdrift på Vaksvik!

Framdrift på inntak, annleggsvei, grøft og sprengningsarbeider.

Vaksvik i Ørskog

Inntak på Vaksvik

Første støpen av inntaket på Vaksvik.

Vaksvik kraftverk i Ørskog

Bygging av Vaksvik startet!

Da er vi i gang med byggingen av Vaksvik Kraftverk i Ørskog kommune.

FASE: UTVIKLING

Startet utbygging januar 2017

KONTAKTPERSON
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 190
Lengde rørgate(m) 3300
Effekt (MW) 8,5
Produksjon (GWh/år) 21,1
Minstevannsføring (l/s) 300