Om Våtvoll

NVE har handsama seks søknader om bygging av småkraftverk på Hinnøya. NVE gjev løyve til å bygge Lysåelva, Våtvoll og Moelv kraftverk i Kvæfjord kommune i Troms. NVE gjev ikkje løyve til å bygge Dalelva kraftverk i Tjeldsund kommune og Vasskruna og Kobbedalselva kraftverk i Lødingen kommune i Nordland.

NVE har handsama dei seks søknadane saman for å gjere ei heilskapleg vurdering av konsekvensar dersom alle kraftverka vert bygd. Reindrift, landskap og friluftsliv i området har vore sentrale tema i NVE si vurdering. Det er lagt vekt på å få fram prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser, og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon.

Dei tre kraftverka som får konsesjon vil til saman få ein årleg produksjon på i gjennomsnitt 18 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 900 husstandar. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konfliktane med allmenne interesser.

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 31. mars 2014

KONTAKTPERSON
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 125
Lengde rørgate(m) 890
Effekt (MW) 1,4
Produksjon (GWh/år) 4,1
Minstevannsføring sommer (l/s) 80
Minstevannsføring vinter (l/s) 35