konsesjon lflikka furstølåna

Nye konsesjoner til Clemens Kraft

Konsesjon til Flikka kraftverk og Furstølåna kraftverk i Flekkefjord 23. februar 2015

NVE har handsama syv søknadar om bygging av småkraftverk og seks anleggskonsesjonar i Flekkefjord og Kvinesdal kommunar i Vest-Agder. NVE gjev løyve til Furstølåna, Sandvand, Flikka, Selura og Gjemlestad kraftverk, medan Vatland og Hamrebakkan kraftverk får avslag.
Dei fem kraftverka som har fått løyve vil til saman produsere om lag 40 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til omlag 2000 husstandar. Dei to prosjekta som fikk avslag, ville samla gitt om lag 22 GWh/år.
Alle dei tre kraftverka i Kvinesdal kommune ynskte å nytte elva Litleåna mellom Galdalsvatnet og Liknes sentrum i Kvinesdal. Gjemlestad kraftverk får løyve, medan Vatland og Hamrebakken kraftverk får avslag.
Dei fire prosjekta i Flekkefjord; Furstølåna, Sandvand, Flikka og Selura, er spreidd på ulike stader i kommunen. Alle kraftverka får løyve.
Vatnet Selura i Flekkefjord allereie er regulert. NVE har gjeve løyve til ei regulering som vil betre tilhøva for mellom anna storaure, landbruk, friluftsliv og næringsinteresser.
Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. For å redusere dei negative verknadane for ålmenne interesser er det sett vilkår til kvart prosjekt som har fått løyve, NVE meiner at nytten av tiltaka er større enn skader og ulemper for private og allmenne interesser.