Om Eikeelva

NVE gjev løyve til kraftverka Øvre Alsåker i Ullensvang kommune, Vassendelva, Krossdalselvi og Brattabøelvi i Jondal kommune og Eikeelva i Kvinnherad kommune. NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til Tverrelva kraftverk i Kvinnherad kommune.

Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere om lag 78 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 3900 husstandar.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av kraftverka Verdfullt naturmangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering.

NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som NVE meiner gjev minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ein betydeleg ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett vilkår til dei enkelte prosjekta for å redusere de negative verknadane for allmenne interessene.

Eikeelva eies av Clemens Kraftverk AS, og har fakturaadresse Fridtjof Nansens plass 6, 0160 OSLO

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 22. april 2014

KONTAKTPERSON
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 226
Lengde rørgate(m) 1470
Effekt (MW) 2,25
Produksjon (GWh/år) 6,5
Minstevannsføring (l/s) 30