Om Reina

NVE gjev Clemens Kraft AS løyve til å byggje Reina kraftverk i Overhalla kommune i Nord-Trøndelag fylke. Kraftverket vil produsere om lag 6,6 GWh i eit middels år. Dette svarar til straumbruken til ca. 330 husstandar.

I vedtaket legg NVE vekt på at ei utbygging av Reina kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon som med avbøtande tiltak vil ha avgrensa effektar for naturmangfald.  Kraftverket er planlagt i Reina, med inntak 120 meter over havet og kraftstasjon 30 meter over havet. Vassvegen på om lag 830 meter er planlagt nedgraven på heile strekninga. Utbyggingsområdet kan vere utsatt for kvikkleireskred, og det er naudsynt med geotekniske undersøkingar for å få mellom anna behovet for risikoreduserande tiltak vurdert. Reina er ei sideelv til Namsen og soleis del av eit nasjonalt laksevassdrag. Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for naturmangfald, særleg moglege ulemper for laks, sjøaure og ål. NVE har fastsett ei minstevassføring på 60 liter i sekundet heile året. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om installasjon av omløpsventil, sikre at ål kan nedvandre utan å komme inn i kraftverket, og minstevassføring. NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Reina kraftverk.

FASE: UTVIKLING

Fikk konsesjon av NVE 27. juni 2017

KONTAKTPERSON
FAKTA

Brutto fallhøyde (m) 90
Lengde rørgate(m) 830
Effekt (MW) 2,8
Produksjon (GWh/år) 6,6
Minstevannsføring (l/s) 56